Øygarden Musikkråd

Øygarden Musikkråd (i det følgende kalt ØMR) lokalledd av studieforbundet Norsk musikkråd (i det følgjande kalla NMR), som har opplæring innan musikkområdet som hovudoppgåve. Vidare er ØMR eit kulturelt samarbeidsorgan for kommuneomfattande musikkorganisasjonar, - lag og -institusjonar med musikkopplæring, musikkutdanning, musikkinformasjon og musikkformidling som sentrale oppgåver. Grunnlaget for ØMR er ei erkjenning av at musikk kan vera ei kjelde til glede og meining, til læring og personleg vekst, til sosial tilhøyrsle, identitet og mellomkulturell forståing for alle menneske. Denne erkjenninga er knytt både til musikk som eigenarta kunst og kulturform og til musikk som innhald i sosial samhandling. For NMR er alle sjangrar likeverdige og blir omfatta av omsorg og merksemd i fellesskapet.

ØMR er lokalledd av studieforbunda til musikkorganisasjonane, og skal gjennom opplæringsverksemda si hjelpe den einskilde deltakaren til eit meir meiningsfylt liv ved å:

  • medverka til å gi alle menneske likestilling i tilgang til kunnskap, innsikt og ferdighetar som fremjar verdiorienteringa og den personlege utviklinga til individet, og styrkjer grunnlaget for sjølvstendig innsats og samarbeid med andre i yrke og samfunnsliv
  • medverka til aktiv deltaking i musikk gjennom læring, lytting og formidling
  • samarbeide med andre organisasjonar, institusjonar og kommunale styresmakter som forvaltar og organiserer opplæring og utdanning i musikk
  • legge til rette, samordne og utvikle opplærings-, studie-, og formidlingsarbeid i musikk
  • vere eit musikk- og kulturpolitisk organ for medlemslaga

Vidare er ØMR eit kulturelt samarbeidsorgan for kommuneomfattande musikkorganisasjonar, - lag og -institusjonar som har musikkopplæring, -utdanning, -informasjon og -formidling som sentrale oppgåver. For å nå sine mål skal Øygarden Musikkråd utøve musikkpolitisk arbeid i kommunane og fylket i samarbeid med NMR.

Alle Musikkorganisasjonar som har sitt virke innanfor musikklivet og/eller som har hovudvekta av arbeidet sitt innanfor musikkområdet kan vera medlem av musikkrådet. Medlemskap i rådet er gyldig når laget/organisasjonen har stadfesta medlemskapen, og har ein ansvarleg kontaktperson vald av medlemsorganisasjonen. Medlemskapet er gratis.